torsdag 10. mai 2012

Årets første til Kveken!

Helga før forrige hadde me vår første tur til Kveken i 2012. Snøen var enda ikkje heilt vekke, og me måtte setje frå oss bilen eit stykke nedi vegen. Det er ikkje noko problem med to så flinke jenter til å gå! Dei vabba avgårde på full steam i den morkne snøen.

Vel framme er det ei fornøygd jente som poserar for fotografen :-)

Jentene kosa seg med snøen og måtte byte både ein og to gonger før kvelden var der. Innimellom måtte dei og ha seg ein liten strekk. For meg og N var det helst kaffi selveggen som gjaldt - litt vel vått for turgåing.. Note to self: Kjøp nye fjellsko som ikkje lek inn gjennom sålen!


Sel i solnedgang. Det er noko eige med desse små, gamle sela. Ein finn roa når ein er der. Og så virkar ikkje telefonen der oppe, heller ikkje ein dum ting!  


Elles har eg no endeleg fullført i jordbæra, og i den forbindelse såg eg den fyrste jordbærblomsten :-) Morellene er i full gang med blomstringa, og det ser bra ut. No er det dags for ein liten kaffikopp før minsten (som vert 3 år til helga!!) vaknar - Ha ei fin helg!

fredag 27. april 2012

Jordbærbørsting og DIY

Når sola glimtar til, eller i alle fall regnet og vinden er fråværande, driv eg for tida med ein litt snodig aktivitet. Eg børstar jordbæra. Hadde me hatt meir jordbær hadde me antakelegvis hatt ei eller annan maskin til dette, men slik det no er så gjer me det for hand med ein piasavakost. Under ser de jordbæra før ein omgang med kosten:

...og her er etter-biletet. Formålet er, som den oppvakte lesar nok har skjønt allereie, å få vekk visne blad mm for å hindre at dette skapar gode vilkår for råtne plantar og bær litt lenger uti. Det er einsformig og litt tungt arbeid, og som avveksling var det av og til likegreit å ta det for hand. Det beste er nok å byte litt på, og å strekke ut no og då - og så kaffi sjølvsagt!

Elles har eg kosa meg med eit lite prosjekt eg har tenkt på ei stund, og hin dagen hadde eg tenkt ferdig. Det er ei mappe, eller kva ein skal kalle den, til strikke og hekleutstyr. Framme har den to trykknappar på lokket og knyting i sida (kan verte litt fullt inni..) - og ei lomme til ei oppskrift eller noko slikt.

Inni er det litt ymse. Ein del rom for strikkepinnar og heklenåler...

..og ei nålepute, plass til linjalar og sakser mm.. Bakerst er det ei stor lomme til rundpinnar. Er veldig nøygd så langt! Har ikkje oppskrift på den, fant på undervegs :-)

Må nesten syne resultatet av kontlua. Den vart i barnestørrelse sidan eg avslutta litt brått. Då veit eg det til neste gang, det var jo tross alt eit prøveprosjekt. Fine fargar på Drops Delight! (Litt misvisande på biletet).

lørdag 21. april 2012

In the olden days

Har planar om ein liten før-no-serie her på bloggen, så tenkte eg skulle starte med eit skikkeleg før-bilete (dei føljande førbileta vert av nyare dato for å seie det slik). Dette biletet fann eg via Google-søk, men eg har og sett det "live". Dette biletet er nok tatt tidleg på 1900-talet vil eg tru, det er nokre forfedre som driv med potetopptaking. Bak til venstre ser de huset me driv og pussar på. Så der ser me jo litt kva me har i vente av hol i byggja når me skal til med stova :-)

Har og nokre interiørbilete frå  den tida, men dei må finnast først...

Litt artig berre :-)

torsdag 19. april 2012

Ære være våren!

Først ei lita Kont-oppdatering. Biletet under er "mitt eige". Eg er ferdig med prøvelappen og er no i gang med ei prøvelue :-) Trur det skal bli bra!

Elles er det vårarbeid i hagen. Storkosar meg med å få orden i bedda og plantane på rett plass. Har hatt nok ein fin vårdag saman med minsten, ei skikkeleg arbeidsjente. I dag har me raka kvist i eplehagen, luka og planta i eit bed, planta i steinbeddet og planta Solsypressen og Mynthebuska eg kjøpte "hin dagen". Under er gårsdagens prosjekt - steinkant og luking. Her kjem ei rekke med Skogskjegg som skal gi oss litt grønn skjerming på terrassen.

Litt kos må det vere undervegs...

Når ein kjem over slike fine vårdagar med bra temp og kjekke prosjekt på to-do-lista er det nesten litt vanskeleg å gi seg. Men ein får stole på at det kjem fleire slike dagar - sjølv om fjordårserfaringar peikar i litt andre retningar... 


Sekshjulingen - uvurderleg hjelp under vårpussen. Har kjørt vekk eit utall med steinlass denne våre etter klargjeringa av rosebeddet. Her er det imidlertid eit litt meir overkommeleg bed som skal renskast.

Under; eit nyplanta steinbed. Diverse takløk, Fjørekoll (kvit og rosa), Hagepute og Hagesildre (kvit og lilla-rosa) og nokre eg ikkje kjem på namnet på i farten. Har tenkt å utvide planteoversikta mi med å lage "datablad" for dei ulike plantane som er her for å samle relevante opplysningar om dei slik at eg kan gi dei så gode forhold som mogeleg. Men det vert no litt etter kvart.


I morgon skal vetla, minsten og eg besøke min betre halvdel og far til mine barn (ja, det er ein og same fyr :-) som er i gang med andre veke på jobb. Blir kjekt! Under står nyplanta potter på geledd for å lede besøkande til inngangsdøra framfor "bakvegen". Ikkje berre besøkande, forsåvidt. Det er like mykje me som må vendast om, ikkje lett å endre inngrodde vanar! 


No kjem effekten av ein lang dag ute i frisk luft fort, så eg trur det er tid for å ta kvelden. Det er tomt for Dexter second time around. Trudde det skulle komme nye no på vårparten, men det ser ut som det ikkje kjem noko nytt før til hausten -  aaarrrgh! Det slutta så enormt spennande.

Nu ble det kveldet!

onsdag 11. april 2012

Kont & kant

Dagane, og kveldane, går fort for tida. I går var det handarbeidsklubb på Fjordatunet og instruksjon i kontstrikk. Fantastisk morsomt! Me kom godt i gang med prøvelappane våre, og no føler eg meg klar for eit "orntli" prosjekt. Men eg trur eg skal kjøpe meg noko garn som skiftar farge (slik som på biletet under), for bakdelen med denne måten å strikke på, om ein brukar to eller fleire fargar som vanleg er, er at det vert veeeldig mange trådar å feste. Må prøvast, det er ikkje så innvikla som det ser ut! (Må berre seie at biletet under ikkje er av prøvelappen min, men berre eit tilfeldig frå Google-søk.)

 I dag har det vore hagedag igjen (vert ein del av dei for tida..). No sto rosebeddet-to-be for tur og mange lass med småstein vart køyrd vekk saman med rotrestar og anna uvedkommande. Eg fekk delt opp og planta ein buksbom som sto og mistrivdes i ei potte, eg har planta om to rosebusker, to trær, tre busker, tre hostaklumpar, ein drøss med tulipanar og femten smålavendel. Eg har fjerna stein og røtter frå eit skuffelass med jord, og har spadd opp gras og lagt ned bjelkekantar. Til slutt grusa eg eit problemområde etter å ha fjerna graset og lagt plast på. Under er rosebeddet før planting. Vanskeleg å sjå eigentleg, men til høgre for bjelken som går inn mot muren står det eit prydepletre på skeive med røtter opp i det fri - mykje av lasset med jord gjekk til dette :-) 
 På bildet under har eg laga kant av stein rundt epletreet og byrja med tulipanplanting rundt kanten. Ein ser heller ikkje så godt resten av det som er planta, men det er ein Blodrips, eit kjempefint tre/busk som eg ikkje veit namnet på, ein Hortensia og ei kvit buskrose. I kanten ser de noko skrammel, og desse skal altså ikkje vere der om nokon lurte på det, men dei ligg der for å beskytte nokre svært små lavendelplantar (sjølvsådd!) som står langs kanten. Har enda 20 til som skal plantast langt kantane, men må kanskje så fleire for å komme heilt i mål.
 Litt kjedeleg på dette bildet, men det vert betre. Dette beddet står mykje i skyggen og her har eg planta Snøballbusker og Hosta langs kanten. Skal få på plass nokre dekorative steinar som kan ligge i grusen, så kjem det seg.
Er stiv og støl i heile kroppen, men er veldig fornøygd med dagen - fått gjort masse på lista og er kvitt ein heil masse potter og krukker med midlertidige plantingar. Hatar å ha dei ståande sånn på vent! I kveld vert det Dexter og kontstrikk tenkjer eg - skal kooose meg :-) Ein fin kveld til deg og!

lørdag 31. mars 2012

Kjøkkenhagedag!

I dag har vore ein god dag. Både vaksne og born har vore ute så godt som heile dagen, og me har komme eit godt stykke vidare i kjøkkenhagen. Snille sambuaren min har planert ut tomt til drivhus som me skal lage av gamle vindauge, skrapt topplaget av det som skal bli potetåker og mais/asparges/gulrotåker, og gravd ut holer til bærbuskene som er blitt flytta. I tillegg er dei seks kassane fulle av god jord og halvparten av dei er renska for røtter og stein. Så - ein GOD dag!

Eg er i det heile tatt svært glad i denne hagen "midt-i-mellom". Den er både til leik og nytte, ein plass der både eg og ungane likar å vere :-) Trampolina har fått sin plass der, sklia til minsten og etterkvart kjem det eit leikehus. Det eine morelletreet skal vekk (det tar næring og sol frå kjøkkenhagen, og det går jo berre ikkje!), men det andre tener som plass til å henge husker og klatretau, og som klatrestativ. Ein veldig kjekk plass - og kjekkare skal den bli! 

Utruleg kjekt med påskeferie, og vert veret som dei lovar så blir den bra på alle måtar. Ynskjer dykk alle ei fiiin påske!

mandag 26. mars 2012

Skjering av frukttre

Våren er udiskutabelt kommet, og med den - mykje kjekt arbeid! Kjenner meg så mykje meir heime i eplehagen med saksa i handa enn på kontor. Denne runden i eplehagen vart imidlertid litt meir omfattande enn den normalt sett er sidan det var 2 år sidan forrige skjererunde. Mykje å ta tak i, og god anledning til å lære. Under eit før-bilde:  

 Og etter:

Tre om våren utan blad og med brun bakgrunn er ikkje det lettaste når ein skal ha fram detaljar... Me var i alle fall veldig nøygde med oss sjølve då me kunne sjå utover ferdig klipte eple- og morelletre!

Elles går det i vedhogst. Me har brent opp innhaldet av eit stort vedaskjul i vinter og det er på tide å sørge for påfyllet. Dessutan har ikkje skogen ilt av litt opprydning etter Dagmar :-)  

Ting gror i glaskarmen (i påvente av eit drivhus...). Har vore litt overivrig med planting, men det er ikkje lett å styre seg når ein set i gang - det er jo så mykje spennande! Har til no sådd agurk, tomat, mais. purre, 5 sortar pellis, 2 sortar Tagetes, blomkål, brokkoli, sellerirot, hvit kål og basilikum. Har ein god del meir som skal direkte i jorda.

Kassane i kjøkkenhagen er klare og på plass, og no er me i gang med å fylle opp med litt diverse før jorda kjem på toppen (dei er 120 x120 og det er 6 kassar, så det ville gått med uhørt mykje om alt skulle fyllast opp med jord).

Og så er det vårpussen ute, klipping av busker og rydding av diverse, og årsavslutninga sjølvsagt (kontorarbeid har ein tendens å havne litt bak i køen når veret er sååå flott som det har vore ei stund no:-)) - alt i alt nok å ta seg til, nett som me likar det! Ha ein strålande dag!